Interkommunalt arkiv i Hordaland
Redaktørarbeid
Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH) feira 30 år i 2017, og gav i den samanheng ut eit jubileumshefte. IKAH er eit interkommunalt selskap, og ønska gjennom jubileumsheftet å formidle historia til arkivet og historisk materiale frå eigarkommunane. Målgruppa for publikasjonen var politikarar, kommune-tilsette og kommunane sine innbyggarar. Heftet skulle ha ei populærvitskapleg tilnærming og alle illustrasjonar og bilde blei henta frå deira eige arkiv. Historikarverksemda fekk i oppdrag å bidra med redaksjonelle tenester i arbeidet med jubileumsheftet. Me hjelpte IKAH med prosessen frå ferdige tekstar via design og layout og fram til ferdig trykt publikasjon.