Select Page

Oslo JFF

Jubileumsbok

Oslo Jeger- og Fiskerforening blei stifta i 1871, som ein av dei aller første jegerforeiningane i landet. Foreininga fyller 150 år i 2021, og ønsker i samband med dette å gi ut ei jubileumsbok. Historikarverksemda har på bakgrunn av dette fått i oppdrag av Oslo jeger- og fiskerforeining å lage ei «praktbok», som gjennom solid formidling og nøye utvalde bilder formidlar foreininga si historie. Samstundes skal boka også ta for seg jakt og fiske i eit breiare samfunnsperspektiv – med tema som jakt og fangst som tradisjon, jaktlovgjeving og ressursbruk, matauk versus troféjakt, forholdet mellom «jægeradel» og «bondejeger», hovudstadsinnbyggarar og bygdefolket, byfolk sitt (stadig fjernare?) forhold til naturen, og ikkje minst kvinnene sitt inntog i jegermiljøet no i nyere tid. Boka er planlagd ferdig til jubileet i 2021.

Trykk her om du vil sjå fleire jubileums-prosjekt.

Foto på denne sida © Oslo Museum