Select Page

Spørsmål og svar kulturminnedokumentasjon

Spørsmål og svar kulturminnedokumentasjon

 

Kva er kulturminnedokumentasjon / kulturminnerapport?

Kulturminnedokumentasjon, også kalla kulturminnerapport, blir utarbeidd i samband med plan- og reguleringssaker. Ein kulturminnerapport skildrar historia rundt det aktuelle planområdet, kartlegg ulike typar kulturminner, og analyserer bygnings- og kulturmiljø. Kulturminnerapporten skal også innehalde ei konsekvensutgreiing, der ein analyserer kva konsekvensar det nye prosjektet har for det eksisterande bygnings- og kulturmiljøet. I tillegg må utgreiinga synleggjere korleis det nye prosjektet (gjennom for eksempel arkitektur, volum og plassering i terrenget), tar omsyn til eksisterande bygningstypologi og kulturmiljø.

Ein kulturminnerapport bør følge eit bestemt oppsett (Byantikvaren i Bergen sin veilleder), i tillegg til å møte gjeldande krav i kommunen sin kulturminnestrategi for 2019–2023, «Identitet med særpreg».

Kulturminnedokumentasjonen / kulturminnerapporten blir levert som del av den endelege reguleringsplanen utarbeidd av arealplanleggar og arkitektar, og har to funksjonar. For det første gir ein slik rapport kunnskap om eit gitt kulturmiljø for ettertida, før eit nytt byggeprosjekt blir igangsatt. For det andre danner rapporten eit viktig vurderingsgrunnlag for Byantikvaren i Bergen i den vidare prosessen.

Alle reguleringsplanar er ulike, og har ulikt innhald av kulturminner. Omfanget av ein kulturminnerapport varierer difor, og må tilpassast det enkelte prosjekt.

 

Treng eg kulturminnerapport til mitt prosjekt?

I Bergen kommune er det bestemt at byutvikling og arealplanlegging skal utførast med omsyn til eksisterande kultur- og bygningsmiljø, og det blir stilt krav om dokumentasjon av kulturminnemiljø i samband med alle private og offentlege plansaker. Også i plan- og reguleringssaker andre stader i Vestland kan det kome krav om kulturminnedokumentasjon.

 

Treng eg rivedokumentasjon i tillegg til kulturminnedokumentasjon?

Om ein tar sikte på å rive verneverdige bygg i eit planområde, må ein levere søknad om dette. Riving av bygningar og anlegg er søknadspliktige etter Plan- og bygningslovens § 93. Byantikvaren skal vurdere og gi uttale til alle rivesaker i Bergen kommune. Til slutt er det bygningsmyndigheitene som gjer vedtak om tillatelse eller avslag.

Som del av rivesøknaden for verneverdige bygg, må det leverast inn rivedokumentasjon. Dette kjem i tillegg til kulturminnerapporten. Ofte lagar me kombinert kulturminnerapport og rivedokumentasjon.

Som del av søknaden kan det også bli stilt krav til gjennomføring av ein tilstandsrapport for det verneverdige bygget. For verneverdige hus bør ein slik tilstandsrapport gjennomførast av ein fagperson med antikvarisk kompetanse. Historikarverksemda kan levere tilstandsrapport som del av rivedokumentasjonen, eller  formidle direkte kontakt med fagpersonar.

 

Kva inneheld ein rivedokumentasjon?

Ein rivedokumentasjon gir ei grundig og detaljert kartlegging av bygningen sin arkitektur og bygningshistorikk, og analyserer den ut i frå eksisterande bygnings- og kulturmiljø. Bygget må synfarast og dokumenterast med bilder av utvendig fasade. Nokre gonger er også innvendig dokumentasjon nødvendig.

 

Kva er eigenleg eit kulturminne?

I kulturminnerapportane er det «nyare tids kulturminner» som blir kartlagde. Byantikvaren i Bergen definerer desse slik:

«Kulturminner defineres i kulturminneloven som «spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til». Kulturminnedokumentasjonen skal omfatte nyere tids kulturminner. Dette omfatter alle historiske minner fra tiden etter reformasjonen i 1537. Nyere tids kulturminner er ikke automatisk fredet etter kulturminneloven. Begrepet «nyere tids kulturminner» er vidt og kan omfatte det meste. Typiske kulturminner fra nyere tid er bygninger av alle slag, krigsminner, steingjerder, gamle hustufter, grensemerker, gamle veifar, tuntrær med mer.»

 

Kven vurderer kulturminnerapportar og rivedokumentasjonar?

Etter plan- og bygningsloven er det kommunane som har ansvaret for dei fleste nyare tids kulturminner. Fylkeskommunen har ansvar for freda bygg og arkeologi, og skal ivareta nasjonale og regionale kulturminneverdiar.

I Bergen er det Byantikvaren som er antikvarisk faginstans, og som har fagleg ansvar for kommunen si kulturminneforvaltning. Byantikvaren vurderer rutinemessig alle plan- og reguleringssaker i Bergen, og deltar aktivt i heile planprosessen. Byantikvaren har rådgjevande myndigheit, og sender si anbefaling vidare til plan- og bygningsetaten. Kulturminnerapportar og rivedokumentasjon blir ein integrert del av den endelege pla som skal til politisk behandling, med endeleg politisk vedtak.

Fylkeskommunen uttaler seg også i alle plansaker. Dersom det ikkje blir tatt tilstrekkeleg omsyn til regionale og nasjonale kulturminner i eit planområde, har fylkeskommunen rett og plikt til å reise innsigelse til planen.

 

Kva kan Historikarverksemda bidra med?

Alle som arbeider i Historikarverksemda er faghistorikarar. I løpet av dei siste åra har me levert kulturminne- og rivedokumentasjon til over 50 plan- og reguleringssaker. Historikarverksemda kan bidra i alle steg av planprosessen.

  • I eit planområdet med betydeleg omfang av kulturminner, vil det vera nyttig både for arealplanleggarar og arkitektar at me blir involvert i ein tidleg fase. Ved å bidra med kartlegging av kultur- og bygningsmiljø allereie i stedsanalysen, kan me kome med verdifull bakgrunnskunnskap om planområdet. Ei tidleg kartlegging sender signal til kulturminneinstansane om at ein tar kulturminner på alvor. Det kan også utgjere eit godt utgangspunkt for å forankre det nye prosjektet i lokal bygningstypologi og stedsidentitet.
  • Me kan også bidra som rådgjevarar før og under veilledningsmøte / oppstartsmøte / arbeidsmøte. Med kunnskap om kultur- og bygingsmiljø i planområdet, kan me skape grunnlaget for ein god dialog med offentlege kulturverninstansar.
  • Me kan utføre kulturminne- og/eller rivedokumentasjon – etter gjeldande oppsett og krav, og tilpassa kvart enkelt planområde.
  • Med gode kontaktar i fagmiljøet, kan me ved behov hente inn fagfolk med spesialkompetanse på gjennomføring av antikvarisk tilstandsvurdering eller rådgjeving innan praktisk bygningsvern.